Myren, Anders
SRE i Skatteetaten
About
I 13 år trakka Anders rundt i ulike applikasjons- og plattformteam på IT-avdelinga til Universitetet i Bergen før han begynte i Skatteetaten si gruppe Overvåking. No jobbar han som for at observabilitet er ein eigenskap hjå alle team, fordi god sikt er viktig for alle som skal køyre fort og trygt.
Presentation
Eventyret om SLO-Wizard: Service Level Objectives i Skatteetaten
Skatteetaten har teke i bruk Service Level Objectives-metodikken for å forstå betre korleis tenestene våre oppfører seg og korleis endringar påverkar brukarane våre. SLO-Wizard er ei teneste som gjer det enkelt for produktteam å setje opp eigne SLO-ar med dashbord og varsling frå brukarnære metrikkar. Ved å bruke BigIP, Cribl, ein heimebrygga exporter og Grafana tilbyr vi sjølvbetjent oppsett av SLO-ar for "alle" applikasjonar i etaten.
Dette blir ei spanande økt, med wizards, teknisk automagi og lærdommar frå arbeidet med å rulle ut SLO-metodikk i stor skala.